Om stiftinga

Møt eldsjelene

Erling og Liv Nese Sjømark har vore opptekne av fartøyvern i store deler av sitt liv. Saman med Olav Røyrvik, sonen Tore Røyrvik og etter kvart Sigvart Røyrvik har dei lagt ned ein imponerande innsats og utallige timar for å berga MS Arnafjord frå forfall. Samla har dei hatt kompetansen som skulle til for å gje båten nytt liv.

På den måten har dei bidrege til viktig kulturformidling frå ei tid då sjøen var viktigste ferdselsåra. Erling fanga opp at MS Arnafjord låg i Lübeck og var brukt som husbåt. Dei reiste til Tyskland, og oppdaga fort at båten var i altfor dårleg forfatning til å gå til Norge. Det vart laga ei krybbe som dei senka innunder båten, og frakta den til Bergen som skipslast.

Derifrå vidare til Hardanger Fartøyvernsenter for dokumentering og istandsetjing. Det var desse nemnde personane som tok initiativ til å oppretta stiftelsen MS Arnafjord. Dei fekk på plass nødvendig kapital via løyvingar frå Riksantikvaren. Til restaurering av maskina har Sogn sparebank bidrege med viktige årlege midlar via gåvefondet.

Tek vare på fortida for framtida

Heile året rundt er det fleire involverte i MS Arnafjord. Ein trebåt treng kvart einaste år mykje og regelmessig vedlikehald – td. bunnsmørjing, vedlikehald av skrog og overbygg, samt maskin. Delene til ein slik motor er på ingen måte hyllevare, dei må faktisk lagast – og det er ikkje kven som helst som kan slikt handverk. Ein skal vera glad i treolje når ein har trebåt.

Bli med i stiftinga

Du kan støtte arbeidet med å halda MS Arnafjord i hevd ved å bli medlem i stiftinga. Ta i so fall kontakt med Morten Røyrvik på epost morroy@sogneprodukt.no eller mobil 91613271 eller Per Jarle Røyrvik epost pjr@frydenbo.no eller mobil 91641944.